Velkomen til Gro Torpe Hest & Ponni
Målet vårt er å formidle kunnskap og gode opplevingar innan hesterelaterte aktivitetar. Me tilbyr aktivitar heile året, men tilpassar oss etter vær og føre.
Noko av det me kan tilby er:
- Ponniskule
- Dagrideleir eller rideleir med overnatting i skuleferiane
- Div. helgekurs
- Gebursdagsselskap
- Turridning
- Prøve På ridning
- Gruppeaktivitetar med hesten i fokus
- Hesten som helsearbeider - Hesteassisterte aktivitetar for born.
- Privatundervisning i klassisk eller westernridning
- Teorikurs innan fleire ulke tema
Gro Torpe står for den daglege drifta.
Ho er utdanna lektor og sivilagronom, med hest som spesialfelt, har fagbrev i hestefag og 3 årig utdanning innan økonomi og administrasjon.
Gro har allsidig praktisk erfaring med hest, og har m.a jobba med hest i vidaregåande skule, dreve med hest og turisme, køyring, klassisk riding og westernriding.
Frå 2006 har ho stått for heile drifta i Gro Torpe Hest & Ponni.
Utgangspunktet for aktivitetane er eit triveleg småbruk med gamle tømmerbygningar frå ca 1900, men òg ein topp moderne stall med tilhøyrande ridebane med lys og gode turtilhøve.
Du finn uss på Tørpo. Sjå kart for å finne vegen.