ANDRE AKTIVITETAR

 

 RIDELEIR MED ELLER UTAN OVERNATTING

 

Me arrangerar rideleir i skuleferiane, måndag til fredag.. Dei som ikkje ynskjer overnatting møter opp kl 09.00. Henting mellom kl 16.00 og 17.00 ettersom det passsar for dykk.

Det er to øykter kvar dag med riding, voltige, køyring/taumkøyring, mønstring og bakketrening. Stallteneste, puss og stell av hestane, pussing og vedlikehald av utstyr, hesteteori og mykje meir.

Pris utan overnatting kr 2 800 inkl. lunsj.

Pris med overnatting kr 4 500,-

 

PRIVATTIMAR MED INSTRUKSJON I KLASSISK RIDING, WESTERN ELLER KØYRING

Har du eigen hest og treng hjelp til å kome vidare, eller

ynskjer å prøve noko heilt nytt, kan du få hjelp til det.    

Pris: kr 300,- pr 45 min. Ved to eller fleire ryttarar er prisen kr 200,. pr stk.

 

DROP-IN TIMAR PÅ SKULEHEST

Ynskjer du å prøve deg på hesteryggen, men ikkje har høve til å vera med på ridekurs, kan dette vera noko for deg. Du bestemmer sjølv om du vil ri på ridebane med instruksjon eller gå ein tur i skog og mark.

Pris: kr 200,- for 30 min. 

        kr 350,- for 1 time

        kr 500,- for 2 timar

 

 GRUPPER MED BORN – RIDING ELLER ANDRE AKTIVITETAR

Aktiviter spesielt tilpassa den aktuelle gruppa. Det kan væra ridning, køyring med hest og vogn, delta i det daglege stellet, grilling eller liknande.

Dette er eit tilbod som til dømes barnehagar har nytta seg av  og vore svært nøgde med.

Varigheit: ca 2 timer

Pris: Grupper, minst 10 stk kr 150 pr born

 

GÅVEKORT

Pris tilpassa dine ynskjersker og behov.

Ut over dei nemnde aktivitetane er det òg høve til  å skreddersy andre opplegg. Kom med ynskjer og me fylgjer opp så langt det lar seg gjera

 

FJELLRIDING

I sommarhalvåret tilbyr me også ponniridning på fjellet for born.

Turane vil gå på føre seg i fjellområde på Torpoåsen

Her kan dei vaksne få seg ei fin fottur i fjellet, medan borna får ri.  Sterkare motivasjon for å få borna til å bli glade i naturen skal ein leite lenge etter.  Turane går i lett terreng og roleg gangfart.

Me brukar små ponniar som har ein storleik og eit lynne tilpassa dei fleste born i alderen 4-12 år. Vektgrense 50 kg.

Alle våre ponniar er rutinerte rideskuleponniar, som har vore med på det meste. Dei er rolege og trygge, og vane med å gå både på ridebane og i terreng.

 Dersom borna er urutinerte, bør ein vaksen vera med å gå ved sida av. Du treng ikkje vera vane med hest for å gjere det. Opplæring vil bli gitt og ponniane er små og letthandterlege. Det er alltid med ein guide som leiar turane.

Turguiden kjenner ponniane godt, og vi gje rettleiing innan det grunnleggjande du treng å vite for å vera trygg på turen. Me har hjelmar til utlån og anbefalar atdu er kledd fr fjelltur.  Kraftige sko som fjellstøvar og gummistøvlar er betre enn joggesko.

Me tilbyr 1/2 time tur, times tur og totimes tur.  Lengre turar kan òg vera mogeleg å få til etter nærmare avtale.

Pris:

1/2 time kr 200,-

1 time kr 350,-

2 time kr 500,-

 

Bestilling av tur må skje seinast dagen før.

Kontaktperson: Gro Torpe, tlf 97 5072 64

 

HESTEN SOM HELSEARBEIDER - HESTEAKTIVITETAR FOR BORN SOM TRENG LITT EKSTRA

All forskning viser at hesten som helsearbeider gir svært gode resultat, både innan fysisk og psykisk helse.  Me ynskjer difor å tilby skreddarsydde hesterelaterte aktivitetar for dei som kan ha glede og nytte av det.

 

Generell info

Postadresse
Gro Torpe Hest & Ponni AS
Sirevegen 25
3579 Torpo

Besøksadresse
Sirevegen 95

E-post gr-torpe@online.no
Mobil 97 50 72 64

 
Daglig leder Gro Torpe

gro_nettside.jpg

 
Kart
 
Søk