GROS PONNISKULE

martine

På ponniskulen driv me med mange ulike hesteaktivitetar.

Det er viktig å lære seg grunnleggjande ferdigheiter i det å omgås hestar/ponniar, slik at det blir kjekt og trygt både for dyr og menneske.

I tillegg til å lære å ri, vil du difor lære om dagleg stell, korleis du skal håndtere ponnien på en sikker måte, klargjere ponnien for riding og kva som må gjeres etter ein ridetur.

Nokon drøymer kan hende om å ha sin eigen hest/ponni, og då er det viktig at du veit korlei du skal ta godt vare på han.

På ponniskulen har me små ponnier for dei minste borna, men òg nokon litt sørre ponniar for dei litt større borna.

Kva må du vite om Ponniskulen ?

Leksjonstid: 60 min  

På nybyrjarkursa lærer de stell og oppsaling, i tillegg til riding. 

Varigheit: 1 leksjon pr veke i ca 10 uker.

Kurs fylgjer skuleruta.  Frå august til jul, frå januar til påske og frå påske til sommerferien

Pris: kr 190,-/time.

 Du betalar for heile kurs, dvs kr 190 x tal timar på eit kurs.

Gruppene vert delt inn etter alder og nivå

Max 6 deltakarar pr gruppe.

Riding både på bane og i skog og mark, avhengig av rytterane sine ferdigheitar, vær, føre og lysforhold.

Fokus på tryggleik.

Alle får låne hjelm hjå oss, men hugs varme klede og gode fingervantar. Rytterane må òg ha sko/støvlar med litt hel.

For sikkerheits skuld minner eg om at ulykkesforsikring kan væra lurt å ha, uansett kva me velg å nytte fritida vår til.

Kor mange kurs det er i veka er avhengig av kor mange deltakarar det er til ei kvar tid. Dersom det vert mange nok, vil det vera kurs kvar dag måndag til fredag kl 18.00-19.00

Ta gjerne ein tur innom enten når me har kurs, eller etter avtale.

Hvis me ikkje er på tur, finn de oss på ridebanen på høgre sid av vegen.

Generell info

Postadresse
Gro Torpe Hest & Ponni AS
Sirevegen 25
3579 Torpo

Besøksadresse
Sirevegen 95

E-post gr-torpe@online.no
Mobil 97 50 72 64

 
Daglig leder Gro Torpe

gro_nettside.jpg

 
Kart
 
Søk